HBL opnar ny avdeling i Nord-Norge
Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) opnar ny Nordavdeling.
Den høgtidelege opninga skjer torsdag 24 september. Både Stortinget og det offisielle Nordland er representerte.
Avdelingskontoret ligg i Leinesfjord, sentrum i Steigen kommune i Nordland.
– Avdelingskontor i nord er heilt i tråd med vår visjon og filosofi, seier HLB-rektor Dag Jørund Lønning. – HLB skal vera landets viktigaste kunnskapssenter for livskraftige lokalsamfunn. Å sikra busetnad, optimisme og næringsutvikling i distrikta i ei tid der mange flyttar frå bygda til byen, krev ein spesiell type kunnskap. Det er denne kunnskapen, kunnskapen om å skapa endring nedanfrå, som er HLB sin spesialitet både som oppdragsaktør og som utdanningsinstitusjon. Det er denne kunnskapen store delar av Nordland og Nord-Norge treng.