Bønder med landbruksutdanning har betre inntening
Ei norsk doktoravhandling viser at bønder med agronomutdanning har langt betre inntening på bruka og fôrar mindre med kraftfôr enn andre.
Nationen 1. februar 2016, tekst Bjarne Bekkeheien Aase
Ei undersøking blant 90 norske mjølkebruk, som er del av doktorgraden til Bjørn Gunnar Hansen i strategi og leiing ved Norges Handelshøyskole (NHH) i 2013, viser at utdanninga til bonden har stor innverknad på innteninga.
86.000 høgare inntening
Rekneskapane til dei agronomutdanna bøndene viste 43 øre per liter mjølk i høgare dekningsbidrag (inntening) enn det yrkesbrørne som ikkje var agronomar fekk. For å bli agronom må ein gå tre år på jordbruksskule på vidaregåande nivå.
– Dei som har agronomutdanning får i snitt 43 øre per liter høgare inntening. For ein bonde med 200.000 liter i produksjon, som er litt over gjennomsnittet, utgjer det 86.000 kroner meir i inntekt. Det er jo ein del. Undersøkinga viser at det ikkje var tilfeldige forskjellar, seier Hansen.
– Er meir på hogget
Hansen fortel at agronomutdanninga viser seg å ha ein direkte målbar effekt på mange felt. Grovfôropptaket til dyra er høgare og dyra meir fruktbare på bruka til agronomane, ifølgje Hansen. Han seier det viste seg at bonden òg tok betre avgjerder ved at han samla inn meir informasjon før han bestemte seg.
– Agronomane er òg meir proaktive, meir på hogget og meir i forkant, enn dei andre. Og dei er meir opptatt av vegval og strategi for garden i åra framover, medan dei utan den utdanninga dreiv meir frå dag til dag, seier Hansen, og viser til at det òg kan slå ut på økonomien på lang sikt.
Hansen, som i dag er spesialrettleiar i Tine, seier agronomane òg viste seg å vere betre på å løyse problem som oppstår.
– Agronomane får også meir ut av faglege diskusjonar med andre og dei er betre i stand til å prosessere informasjon som andre kjem med, seier han.
Hansen seier det alltid vil vere nokon som kjenner flinke bønder utan utdanning, men at ein i sum ser store gjennomsnittlege utslag.
– Mange kan nok også kompensere mykje med stor innsats, men det krev stor motivasjon og at ein har eit godt nettverk rundt seg som kan rettleie, seier han.
– Gir eit større nettverk
Tor Jacob Solberg, som blei kåra til Årets unge bonde i 2014, er blant medlemene i rekrutteringsutvalet som går inn for å innføre eit kompetansekrav for bønder. Det at undersøkingane viser at landbruksutdanning påverkar lønsemda på gardsbruket trekkjer han fram som eit av fleire argument for å innføre kompetansekravet.
– Forskinga viser at utdanning påverkar lønsemda på bruket. Utdanning kan føre til at fleire bønder ser nye måtar å tene pengar på enn med dagens drift. Du kan òg få eit større nettverk og bli kjent med andre frå andre bygder som har andre tankar og idear, seier Solberg, som sjølv har 3-årig agronomutdanning frå Tomb.
Solberg seier langt fleire bønder bør ta landbruksutdanning.
– Det er alt for få som tek landbruksutdanning i dag. Eg trur vi kan lukkast betre om ein har litt teori i botn. På vaksenagronom er det òg mange som er veldig motiverte. Det er ei sterk kraft i å føre folk med same interesse saman. Det gir bønder eit større nettverk og folk heier på kvarandre. Det fører til at vi får fleire dyktige bønder, seier han.
Han seier jordbruksskulane må brukast om dei ikkje skal bli borte. Solberg oppmodar om å lytte til ungdomen.
– Mange unge synest det er rart at det ikkje blir stilt krav for å bli bonde. Her bør vaksne lytte. Spørsmålet er òg om alt skal halde fram som i dag, eller om vi skal tørre utfordre oss sjølv og prøve å bli betre, seier han.
Les heile artikkelen i Nationen