Gjer sine eigne grøne skifte
Sogn Jord- og Hagebruksskule 14. januar 2016
Lars Henriksen er utdanna ingeniør og skreiv bachelor om arbeidsflyt av utstyr som er brukt offshore i oljenæringa. Den joviale nordlendingen fann fort ut at dette ikkje var noko for han. Det endte med at han hoppa av oljeplattforma og planta føtene i ei jordnær agronomutdanning i Aurland i staden.
Kva gjer du om ti år?
– Om ti år så har eg eigen gard, og eg er komen langt på veg til å drive den garden eg drøymer om. Fôr og gjødsel kjem i størst mogleg grad frå garden. Garden gjev livsgrunnlag for heile familien. Fleire dyreslag sørgjer for allsidig og spanande drift. Kanskje vi i stor grad er sjølvforsynt, samtidig som vi driv vidareforedling av mjølk og kjøt. Eg ynskjer å bidra til å gjere folk engasjert i produksjonen av mat basert på norske ressursar, derfor trur eg det til dømes kan bli aktuelt med andelslandbruk. Det er viktig å gje alle ei moglegheit til å ta del i matproduksjonen vår.
Sigurd Vassenden gjekk på musikklinja på vidaregåande. Guten syng og spelar både gitar og piano, men musikaren måtte til slutt bøye seg for bonden. Han hadde interesse for landbruk og tok fordjuping i realfag fordi han ville ta utdanning på Ås. Året før han byrja hjå oss arbeidde han både som frivillig og som praktikant på gardsbruk rundt om i landet. I Vingelen både mjølka og ysta han – og dersom du i haust har ete blåmuggosten «Fjellblå» frå Eggen Gardsysteri er det ein viss sjanse for at det er denne karen du skal takke for den deilige osten.
Kva gjer du om ti år?
– Om ti år har eg kjøpt meg eit bruk i Trøndelag og er lukkeleg gardbrukar saman med ein liten familie. Den harde oppstartsfasa er over og eg kan sjå framover og jobbe for ei betre drift og ein betre kvardag. Kanskje har eg til og med fått eit lite ysteri opp å gå. Det har eg jo lært ein del om allereie, både som praktikant på gardsysteri og på ystekursa her på skulen.
Paul Einar Sæther har arbeida som elektrikar i ni år før han og kjærasten Adrianna kom til Aurland. Frå barndomen av har han vore interessert i landbruk, men fyrst i dei seinare åra har han innsett at det er bonde han vil bli. Han kjem frå garden “Persetra” ved Batnfjordsøra i Gjemnes og har mange tankar og idear for framtida til garden.
Kva gjer du om ti år?
– Om ti år har eg truleg teke over garden heime. Foreldra mine er i full gang med å byggje ny seterstøl – det er veldig i tråd med slik vi vil drive. Det å ha kyra til fjells er ein spennande tanke, da ville det vore lettare å leggje om til økologisk i forhold til sommarbeite. Vi ser for oss å drive andelsgard med både mjølk, kjøt, frukt og grønsaker. Fleire folk er involverte i ysting og anna foredling, og eg ser potensialet i å drive seterdrift. Det er viktig å få utnytta utmarksressursane. Gardsturisme og gamle husdyrraser er også ei moglegheit. Ein må kanskje rekne meir enn ti år framover, for vi har veldig mange idear for garden. Elles vil vi vere mest mogleg sjølvforsynte. Familien til Adrianna i Polen er veldig flinke til å dyrke, hauste og reparere ting sjølv. Det inspirerar meg veldig.
Les meir om kva som fekk gutane til SJH og kvifor dei vil bli økologiske bønder på sidene til